Generell informasjon til deltakarar som ønskjer å vere med på barneklatring:
Florø klatreklubb (FKK) starta hausten 2007 eit prøveprosjekt med klatring for barn saman med foreldre. Instruktørar frå klubben er tilstades i klatretida.
Stad:
Vi klatrar kvar tysdag i den nye klatreveggen i Florø idrettssenter.
Aldersgrupper og tidspunkt:
Av praktiske hensyn har vi delt barneklatringen inn i to grupper etter alder: 5- 9 år og 9 - 13 år. Aldersinndelingen er ikke absolutt dersom det for eksempel er søsken som befinner seg i begge kategorier.
- Aldersgruppa 5-9 år: 17-18:30
- Aldersgruppa 9-13 år: 18:30-19:30
Påmelding:
Det er for tida stor pågang av barn som vil klatre. Vi må av den grunn dessverre operere med venteliste. Ta kontakt med Sissel Strømmen for meir informasjon.
Utstyr:
Florø klatreklubb stiller med klatretau. Utover det må en i utgangspunktet ha eige utstyr, men nødvendig utstyr kan lånast av klubben.
Prisar:
For deltaking i barneklatregruppa er det i 2007 vedtatt følgjande kontingenter:
Halvårskontingent:
- Medlem i Florø Klatreklubb: 500,- kr per familie
Florø Idrettssenter sender ut faktura for halvårskontingent.
For enkelttimar er det satt ein pris på kr 50,- pr gang. Vaksne i følgje med barna betaler ikkje.
Dette betyr at du kan velge mellom to betalingsordninger:
- Du kan betale 500/600 kroner med en gang, eller...
- du kan krysse av på liste hver gang du er med på klatring (vi summerer opp i
desember, og sender deg en samlefaktura mot slutten av året). Alle som vil delta må betale for klatringa til Florø idrettssenter.
De som har inngått fast avtale med Florø Idrettssenter, og fått utdelt nøkkelkort,
trenger ikke å betale.
Opplæring:
Klatring er verden over ansett som ein risikosport. Ved uriktig bruk av utstyr og/eller feile vurderingar er faren for ulykker alltid tilstades. Tryggleik ved klatring må derfor alltid stå i fokus. Det er viktig at vi som driv med sporten har den kunnskapen som skal til for å minimalisere risikoen for skader eller det som verre er. Barn har ikkje same vurderingsevne som vaksne ved vurdering av fare og tryggleik. Vi har derfor sett det nødvendig at ein voksen person følgjer med barna ved klatringa.
For dei som ikkje har eller vil ta Bratt kort vil Florø klatreklubb tilby kurs for å gje foreldre som ønskjer ei enkel opplæring i bruk av utstyr og sikring av klatrarar. Ein vil då få den nødvendige kunnskap som skal til for å ta ansvar for tryggleiken ved barna sin klatring. Det forkorta kurset vil ikkje kvalifisere til å klatre i veggen utanom klubben sine faste klubbdagar. Dei som ønskjer å klatre sjølve og vil ta Brattkort vil vi anbefale eit 12 timars grunnkurs. Klubben arrangerer ved behov kurs slik at ein kan få sentral godkjenning for sikring innandørs (Bratt-kort).
Forsikring:
Sjølv om Florø klatreklubb har forsikring gjennom Norges klatreforbund og Norges idrettsforbund, er det foreldre/føresette som har ansvaret for deira barn sin tryggleik under all aktivitet i forbindelse med klatring. Det er derfor viktig at de tilegner dykk kunnskap om bruk av utstyr og sikring ved klatring, og bruker den, slik at barna kan klatre under trygge forhold. Verken barna, de eller vi er tent med uhell eller ulykker av noe slag.
Kontaktperson i Florø klatreklubb i forbindelse med barneklatringa er :
Sissel Strømmen - Mobil: 90 18 00 67 - E-post: siss.str@online.no
|